• Foto:

    Dreamstime.com

Ein litteraturkommisjon?

24.01.2014 - 09:00
Seksjoner: 

Av Georg Arnestad

Ikkje noko land i verda har så gode statlege støtteordningar for litteratur som Noreg. Forfattaren  Kjartan Fløgstad har uttrykt det slik: Når eg snakkar om norsk kultur i utlandet, er det først og fremst to ting som forundrar. Det eine er bruken av dialekt på alle område i samfunnslivet; medan dei litterære støtteordningane er det andre temaet som ikkje virkar som om det skriv seg frå eit anna land, men frå ein annan planet.

Støtteordningane på planeten vår er desse: Bøker, papirbøker altså, er fritekne for moms. E-bøker har derimot ein momssats på 25 pst. Vi har statlege stipendordningar som forfattarar i andre land berre kan drøyme om. Vi har omfattande statlege innkjøpsordningar for skjønnlitteratur, sakprosa og teikneseriar. Vi har òg lenge hatt ein statsgarantert fastprisavtale mellom forlag og bokhandel. I tillegg har vi sterk vertikal integrasjon i bokmarknaden ved at dei store forlaga er dominerande eigarar i bokhandelskjedene. 

Litteraturprodusentane motset seg sjølvsagt endringar i det særnorske litteraturpolitiske systemet. I 2013 lykkast dei til og med å få den raudgrøne regjeringa til å vedta innføring av ei eiga boklov. I dag kjempar (igjen) forlag og forfattarar mot små endringar i dei stadig veksande innkjøpsordningane for litteratur. I denne kampen får dei, tilsynelatande, også selskap av folkebiblioteka. Innkjøpsordningane må ikkje rørast. Dei heller. Men kor omfattande skal ordningane verte? 500.000 eksemplar vart innkjøpte i fjor. Treng biblioteka, og lesarane, endå fleire?

Innkjøpsordningane er eit særnorsk fenomen. Den aller første og viktigaste, nemleg innkjøpsordninga for norsk skjønnlitteratur, med unntak av western og krim, kom i 1965 og vart det direkte grunnlaget for skipinga av Norsk kulturfond. Både Den Norske Forleggerforening og  Norsk Bibliotekarlag var motstandarar av ordninga. Under stortingsbehandlinga var det fleirtal for at biblioteka sjølve skulle få velje om dei ville vere med på ordninga eller ikkje. Men det var ein biblioteksjef som alt i 1959 kom med ideen.

I dag har vi 7–8 innkjøpsordningar for mange slags litteratur. Spørsmålet no er kor tenlege ordningar med statlege innkjøp av (fysiske) bøker er i den digitale litterære framtida. Og kor lenge kan vi halde oppe den breispektra ordninga med momsfritak på papirversjonen av absolutt alle slags bøker? Samtidig som det er full moms på e-bøker? Og er bransjeregulerte fastprisavtalar eit formålstenleg verkemiddel når den fysiske bokhandelen er i ferd med å forsvinne, og nettbokhandel og e-boka tek over? Fremjar dette innovasjon i næringa? Neppe. Amazon-folka gnir seg i hendene.

Dei siste utgreiingane og forskingsarbeida på det litteraturpolitiske feltet har vore utførte som oppdragsarbeid, med konklusjonar som har passa litteraturprodusentane godt. Engerutvalet etterlyste i si utgreiing ordninger og metoder for systematisk oppfølging av kvalitetsmålet i kulturpolitikken. Måla for litteraturpolitikken ligg fast: kvalitet, breidde og variasjon, tilgjenge og leselyst. Kvalitet er det viktigaste av desse. Men gir betre vern og støtteordningar endå høgare kvalitet? Det går sjølvsagt ei grense ein stad.

Det føregår no, bl.a. i Kulturrådet, mindre utgreiingar om norsk litteratur i digitale omgivnader. Det er vel og bra. Men det trengst meir enn enkeltståande utgreiingar for å klarleggje og belyse dei utfordringane som det litterære og litteraturpolitiske feltet møter det neste tiåret. Og så langt har produsentane i for stor grad påverka utgreiingane. Det er ikkje tilfredsstillande. 

Nye digitale teknologiar fører til at litteratur vert produ‧sert, distribuert og lesen på nye måtar. Litteraturen får og finn nye former. Det må også litteraturpolitikken gjere. Derfor bør regjeringa no nemne opp ein kompetent og allsidig litteraturkommisjon med eit breitt mandat som på uhilda basis kan utgreie og teikne ulike bilde og scenario for norsk litteratur og litteraturpolitikk i den digitale tidsalder.

Georg Arnestad er seniorrådgjevar og kulturforskar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

siste kommentarer